Vest til å holde varmen i!
Sydd av eit teddypelsliknande stoff, kjøpt på Rainbow Tekstil!
Sider
▼
torsdag 14. november 2013
søndag 3. november 2013
Oversized kåpe
Med utgangspunkt i Ottobre 5/13 mod 19 har eg sydde denne kåpa. Sidan mottaker ønska seg ei såkalla "oversized" kåpe teikna eg av mønsteret i ca to størrelser større enn eg ville brukt til ei vanlig kåpe. Eg har gjort nokre endringer på mønsteret; sydde paspolerte/innfelte i staden for utapåsatte lommer og fjerna innsvingen i saumen midt bak. Kåpa er sydd i ullstoff ytst og polyesterfòr fra Rainbow tekstil. Knappane kjøpte eg på Skaar Tekstil. Så er det berre å håpe at kåpa svarer til forventningane til mottaker!
| Vil ho ikkje ha kåpa så tar eg den sjølv! |
| Sløyfa saumen midt bak |
| Ganske formlaus! |
| Bevegelsesfold i fòret i ryggsaumen |
| Innerlomme; til mobilen kanskje? |
| Stikninger langs krage og jakkeslag |
| Lomme med innfelt lommeklaff. |
| Det blei ganske bra til slutt! |
