Sider

Viser innlegg med etiketten Bunadsaum. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Bunadsaum. Vis alle innlegg

tirsdag 20. januar 2015

Festdrakt jente

Har begynt på eit nytt prosjekt i dag; Festdrakt til jente str ca 10år.
Drakta består av kjole, forkle og lue. Blusen skal eg ikkje sy!
Tilfangpakken er kjøpt på Husfliden og den inneheld stoff i gode kvaliteter, men akk så gjerrige dei er på stoffa sine, har brukt kjempelang tid på klippinga for å få nok stoff til alle delane. Her må alt stemme mønstermessig og det gir ekstra utfordringer!



Vest, lue og lomme er i nydelig ulldamask. Fora med baskerlin.


Forkledet er av kvitt bomullslerret og har legg i livet og nederst. Legga nede kan plukkast opp til forlenging  etterkvart som jenta veks.


Skjørt i vevd ull. Foldelegging i livet på skjørtet.

Så er lua ferdig! Og bilda lever sitt eget liv!






Handsøm er ikkje mi sterke side, men dette blei bra likevel!


Lomma er ferdig, mangler berre låsen.
Lomma er fora med baskerlin.


 



Så fortsetter eg på livet. Fôret er klipt 1,5cm meir enn hovedstoffet i side og skuldersaum, ein får da fôr rundt saumrommet her.  
I hals og ermeåpning er derimot fôret klipt 1mm mindre, da får ein ein slags paspolering; dvs litt raudt stoff på vranga og at foret ikkje viser på retta.






Forkle nesten ferdig. Med legg i livet og nede. Legga nede er sydd med lange sting og kan lett takast opp og dermed forlenge forkledet etterkvart som jenta veks!




Endelig ferdig!





Vesten har tinnhekter

Enda eit bilde som hopper rundt etter egen styring! Lomme med sølvlås!




søndag 21. april 2013

Pose til bunadskjorte

Fekk spørsmål om å sy ein pose til oppbevaring av bunadskjorte, og her er min variant.
Sydd i litt grov lin i offwhite med kvitt broderi og sløyfer til lukning.
Passer fint til konfirmasjonsgave, og til alle andre som har bunad og som ikkje oppbevarer skjorta si skikkelig!!!


onsdag 17. april 2013

Underskjørt til bunad

Det er konfirmasjonstid og snart 17.mai og da må vi fram med bunaden. Under bunaden trengst det underskjørt, så unngår ein kløe av ullstoffet i bunaden!
Her har eg laga eit underskjørt som skulle passe til dei fleste!  Skjørtet er heilt enkelt utskrådd i sida, splitt midt bake og strikk i livet. Pga splitten og strikken i livet så utvider skjørtet seg dersom (når) ein legg seg litt ut i livet med åra! Det er ingen som ser kor mykje splitten spriker under bunaden!! Skjørtet er sydd i acetatfor og har pyntesaum nederst på skjørtet.
Er du interessert i å kjøpe eit underskjørt enten til deg sjølv eller som gave til ein konfirmant så syr eg gjerne fleire. Pris kr 230.-




tirsdag 24. april 2012

Barnebunad med cape.

Dette er barneutgaven av Sunnmørsbunaden, også kalla Märthabunaden. 
Tilfanget er kjøpt på Skaar tekstil og er såleis ikkje "orginal vare fra Husfliden".
Bunaden er brodert av Astrid Støylen; ei erfaren og flink bunadbroderer!
Ferdig barnebunad ca str 4år; med forkle og lomme.

Bak
Ein kjem ikkje utanom piping! Her øvst på stakken; seks omganger med 1.5 x 1.5cm avstand

Stakken er festa til livet med linning. Har laga ei ekstra stor omslagsfold her så kan ein evt legge den ut seinare.

Bakfra!
Forkle med tampen bak; den syast fast på ei side og har hekter og trykknapper på den andre sida.

Lomme (veske) med sølvlås
Cape med halsspenne; her har eg brukt eit gammalt tinn koftehekte!

Detaljbilde piping; tråkletrådane strammast heilt saman, dampast og skal ligge til det er kaldt.

Pipene trekkast ut i passe bredde og festes med attersting og kjedesting.

Kvar enkelt pipe syast fast i halslinninga.

Kollelue; sjå eget innlegg ang. framgangsmåte!

mandag 27. februar 2012

Kollehue

Innimellom driv eg med litt bunadmontering, og akkurat no er det ein barnebunad fra Sunnmøre eg held på med.
Dette er den såkalla kollehua som høyrer til denne barnebunaden.
Brem samansydd med sløyfene inni. Pull dratt saman med tråklesting i ytterkant av sirkelen
Brem nedklipt og klar til vrenging
Ferdig vrengt. Legg merke til saumrom på foret; det skal dekke saumrommet
Samansydd; ein ser no korleis foret dekker over sårkantane. Midt bak er der lagt inn eit band av stoffet for å dekke saumrommet.
Ferdig sydd; men noko slapp!
Peddikstenger og stoffstrimler
Stoffremsene viklast rundt sirkelen
Ferdig vikla
No er rundingen inni pullen og dermed er hua ferdig oppstramma!

Resten av bunaden kjem etterkvart!