Sider

Viser innlegg med etiketten Skjørt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Skjørt. Vis alle innlegg

lørdag 10. januar 2015

Skjørt

Enda eit skjørt!
Turen til Lillestrøm sysenter i sommer resulterte i mange flotte stoff, deriblant dette kjempefine vevde og fargerike stoffet. Eg er usikker på kva slags materiale det er,  sannsynligvis noko syntetisk, kanskje med ørlite ull i !
Har brukt eit gammalt og velbrukt mønster fra NewLook, dvs no er det så moderert at det er vel snart mitt eige!
Skjørtet er heilfora og har usynlig glidelås midt bak!
Rundt og rundt gir uklare blder!

Kva sa eg skal tru?

Egentlig eit heilt enkelt skjørt!

Eg liker virkelig desse usynlige glidelåsa; blir fine nesten uannsett korleis du syr!

Foret er handsydd rundt glidelåset og sydd ned med understitch rundt livet.

Foret heng laust inni nederst.

torsdag 29. mai 2014

Skjørt

Tulipp&Tatamo-inspirert skjørt.
Det er langt til Oslo, og TulippogTatamobutikken i Pilestredet, så derfor må ein ordne skjørtet sjølv!!!
Det er vel ikkje heilt lovleg å kopiere deira ideer men når ein syr sånn etter eget hode, blir de jo berre noko liknande!
Skjørtet er sydd i stretchdongry, kanten nede er i bomullstoff med litt elastan og til biser har eg brukt ribb. Alle stoff fra S&S.



søndag 6. april 2014

Vridd skjørt

Etter inspirasjon fra Sykroken.net og bloggen Maries fabric fekk eg lyst til å prøve meg på denne type skjørt. Utruleg enkelt og raskt å sy! Klipte skjørtet ca 10cm lengre enn på oppskrifta. Sydde av eit viscosejerseystoff eg hadde liggande; trur det blei kjøpt på Rainbow Tekstil for nokre år sidan. I livet har eg brukt brei strikk fra S&S; det anbefales ikkje, den er for slakk og skjørtet har for lite hold i livet.
Det blir sikkert fleire slike skjørt, kjempegode å ha på. Vil vurdere å vri litt meir enn 30cm på neste forsøk.



tirsdag 18. februar 2014

Ullantrekk!

Skjørt og genser i ullblanding; eit skikkelig vinterantrekk!
Skjørtet er sydd i eit deilig tynt ullstoff fra Sydilla; samme mønster som eg har brukt mange ganger før, men denne gangen har eg klipt skjørt og linning i eit stykke. 
Rutemønster er ei utfordring å få til  stemme, men det gjekk heldigvis bra både midt bak og i sidene. Skjørtet er fora på enklaste måte; dvs eit heilt likt skjørt av forstoff som er festa i livsaumen. 
Genseren er Ottobre basic, stoffet er jersey i ei tvilsom ullblanding kjøpt i Gdansk! Varierer genseren denne gangen med ein liten V-hals.

Fora på enklaste måte!

Usynlig glidelås midt bak

Rutene stemmer i sida.....

Heilt plain..

Varierer med V-hals

onsdag 23. oktober 2013

Skjørt x 2

Har endelig eit skjørtemønster som eg er fornøyd med! Har sydd sommerskjørt av dette mønsteret før, så no når hausten er godt i gang og vinteren dukkar vel snart opp, treng eg tjukkare skjørt! Begge skjørta er sydd etter NewLook nr 6193, einaste endringa er at eg har flytta glidelåsen fra sidesaumen til midt bak


Det første er sydd av mønstra dongry som eg kjøpte av ei "sykrokvenninne". Eg gløymde at mønsteret er med saumrom så det blei litt stort i liv/linning, men godt brukandes uannsett!

Lomme på ei side; med skinnpynt plukka av ein gammal støvlet!

Det andre vinterskjørtet er sydd i ull fra Rainbow tekstil og er heilfora på enklaste måte! Forstoffet er også kjøpt på Rainbow tekstil og er noko heilsyntetisk, billeg og lettsmelta!


Heilfora

Glidelåsen er sydd inn på vanleg måte og er godt synleg!

mandag 7. oktober 2013

Skjørt

Ei av mine små kunder ønska at sydama skulle sy skjørt som ho kan ha over ulltrøya og ullstilongsen, og her er resultatet. Skjørtet er sydd i mjuk fløyel fra Kreativ(?) og linning i jersey fra S&S. Lommene er kanta med heimelaga skråband og utapåsydd.


fredag 4. oktober 2013

Lilla Skjørt og genser

Meir fra HeiltSpesiell&Jubel-boka! 
Denne gangen "Rødhetteskjørt og genser". Settet er sydd i sommerfrottè fra Kreativ, mønstra jersey trur eg er fra ein butikk i Helsingborg og ribb til kantbanda er fra S&S. 
Har endra litt på lommeyttersvingen og på genseren sløyfa eg sideåpning i halsutringinga; ellers er alt etter boka!

lørdag 17. august 2013

Skjørt

Enda eit skjørt; samme mønster som sist; NewLook nr 6193. Det er tungvindt uten lomme, men det kom eg på etter at skjørtet var ferdig og dermed blei det ei lausthengande påknappa lomme. Dobbel kanting nede etter ide fra Kaoz på Sykroken.
Hovedstoffet og svart kant nede er jersey fra S&S, medan den blå kantinga er av eit gammalt jerseylaken!
Fotografen har flytta heimafra; så da må eg ordne det sjølv!!




fredag 19. juli 2013

Skjørt

Mønstra skjørt i bomull med litt stretch. Mønsteret er fra NewLook nr 6193. Dette er eit svært enkelt skjørt; kun søm i sida, glidelås i sidesaum og formsydd linning. På mønsteret er der utapåsatte lommer , men det droppa eg! Stoffet kjøpte eg i Gdansk.