Sider

onsdag 23. oktober 2013

Skjørt x 2

Har endelig eit skjørtemønster som eg er fornøyd med! Har sydd sommerskjørt av dette mønsteret før, så no når hausten er godt i gang og vinteren dukkar vel snart opp, treng eg tjukkare skjørt! Begge skjørta er sydd etter NewLook nr 6193, einaste endringa er at eg har flytta glidelåsen fra sidesaumen til midt bak


Det første er sydd av mønstra dongry som eg kjøpte av ei "sykrokvenninne". Eg gløymde at mønsteret er med saumrom så det blei litt stort i liv/linning, men godt brukandes uannsett!

Lomme på ei side; med skinnpynt plukka av ein gammal støvlet!

Det andre vinterskjørtet er sydd i ull fra Rainbow tekstil og er heilfora på enklaste måte! Forstoffet er også kjøpt på Rainbow tekstil og er noko heilsyntetisk, billeg og lettsmelta!


Heilfora

Glidelåsen er sydd inn på vanleg måte og er godt synleg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar