Sider

lørdag 22. september 2012

Kjole: modifisert Onion 2013

Kjole igjen!
Denne gangen med utgangspunkt i Onion kjolemønster 2013.
Har forandra halsåpninga fra V-hals til ein slags spiss U! Ribbkant i staden for belegg rundt halsåpninga. Mønsteret ellers var egentlig ganske greit!
Viscosejersey fra Rainbow tekstil, ribb og pomponger fra S&S. Var usikker på pompongane nederst, men synst kjolen blei kjedelig utan. Men har festa dei med coversaum, så da er det lett å fjerne dei dersom eg ombestemmer meg!
Beklager dårlige bilder; men "noen" har stillt på kamaraet mitt!






mandag 17. september 2012

Kjole; Mappverk!

Oppdaga at eg hadde gløymt å blogge denne kjolen!
Forelska meg i ein kjole eg såg i reklame for den nye Mappstorebutikken i Oslo
Den er ikkje i salg her i distriktet så da er det berre å sette i gang sjølv!
Piratkopiering er vel ikkje heilt lovlig men dokke sladrer vel ikkje!!
Sydd i velour fra Masker&Sting, jersey, blondestoff og ribb i fra S&S, resten fra skuffene på loftet. Mønster med utgangspunkt i mitt eige grunnmønster.



 Detaljer:
 


Heklet blomst foran og bak. Til skrifta har eg brukt brodergarn i snorfoten på symaskina og siksa over tråden, kjekt!

Den lille fuglen har ikkje fått fast plass enda; er usikker på om den egentlig passer der. Føler det kanskje blei vel mykje stæsj.?

 
Rullekantopplegg er både fint og utruleg effektivt



mandag 10. september 2012

Loop!

Fekk stoff av klubbvenninner på dagen min; men kva i huleste skal eg bruke det til?
Fekk ide om loop-skjerf inne på Sykroken.net; så da blei det seks stk skjerf og de skal bli med på tur til Budapest!!
Har du ide om annan bruk av dette stoffet, send den til meg!!!

Ferdig loopskjerf

Har fortsatt mange meter igjen!

Stoffet er laust vevd; litt gassbindaktig!

lørdag 8. september 2012

Monstertruck T-skjorte og baggylue

Monstertruckgenser og hue til ein liten tøffing!
Jersey fra Sydilla, ribb og fleece fra Stoff&Stil. Mønster: modifisert Meedom.





Bordkort!

Noko heilt anna enn kle denne gangen!
Sidan eg skulle feire 50-års-dagen min måtte eg ha bordkort og kva er vel meir naturleg enn å sy dei sjølv! Eller rettere sagt, å la broderimaskina sy dei for meg!
Brodert på litt stivt bomullsstoff, fiksert med strykelerret etterpå og klipt ut med hakkesaks. Stifta fast ein krøll med gaveband som pynt og for å få litt farge på. Bandet brukte vi til å knytte navnekortet rundt stettet på glasset, så fant vi glasset vårt igjen ettersom kvelden utarta seg!!!