Støvlettholdere a.m. House of Hopen; Solveig alias LilleMy.
Desse lure innretningane har eg hatt på planstadiet i lengre tid og da passer det sjølvsagt å sy dei no i julestria!
Stoffet er fra S&S og var egentlig tenkt til noko heilt anna, men passer fint til dette også. Gamle silke- og fløyelsband fra skuffene.
Takk til Solveig for at du deler! Dei er allereie i bruk, og no vurderer eg å sy fleire som ekstragaver til jul!
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Interiør. Vis alle innlegg
søndag 14. desember 2014
torsdag 28. mars 2013
Pute med enkel applikasjon
Dama ønska seg pute med rester fra eit nydeligt gardinstoff i lin. Hovedstoffet er grov lin fra S&S. Klipte ut mønsteret(blada) og applikerte to blad på framsida og eit blad på baksida.
Putene er ca 40 x 60 cm. Eg er ikkje så trena på interiør, men putene blei fine dei, og mottaker blei fornøyd og det er det viktigaste!
Putene er ca 40 x 60 cm. Eg er ikkje så trena på interiør, men putene blei fine dei, og mottaker blei fornøyd og det er det viktigaste!
![]() |
| Baksida; oppned! |
![]() |
| Putene har glidelås på eine langsida |
tirsdag 19. februar 2013
Pute med motiv
Ideen til denne puta, fekk eg etter å ha sett noko liknande i avisa. Kjøpte transfer tekstil folie på S&S. Lasta ned eit gammalt bilde fra Ørskog Historielag sitt bildearkiv og bearbeida det og tilpassa bildet til denne bruken. Dvs eg forandra litt på farge, kontrast, str og til slutt speilvendte eg bildet. Speilvendinga er viktig fordi bildet blir lagt med retta ned mot stoffet, før det strykes fast /smeltes inn i stoffet.
Sjølve trykket blir litt stivt og plastikk-aktig så eg vil ikkje anbefale det til bruk på kle. I følge bruksanvisninga så er trykket vaskbart, kor holdbart det er gjenstår å sjå!
Linstoff og blonder, også fra S&S.

| Nærbilde av bildet |
søndag 23. desember 2012
Julegardiner
Nok eit prosjekt for å sleppe å styre for mykje til jul!
Julegardiner med løper og brødskåltrekk. Bomullsstoff fra S&S, kjøpt på salg for ei tid tilbake.
Julegardiner med løper og brødskåltrekk. Bomullsstoff fra S&S, kjøpt på salg for ei tid tilbake.
lørdag 8. september 2012
Bordkort!
Noko heilt anna enn kle denne gangen!
Sidan eg skulle feire 50-års-dagen min måtte eg ha bordkort og kva er vel meir naturleg enn å sy dei sjølv! Eller rettere sagt, å la broderimaskina sy dei for meg!
Brodert på litt stivt bomullsstoff, fiksert med strykelerret etterpå og klipt ut med hakkesaks. Stifta fast ein krøll med gaveband som pynt og for å få litt farge på. Bandet brukte vi til å knytte navnekortet rundt stettet på glasset, så fant vi glasset vårt igjen ettersom kvelden utarta seg!!!

Abonner på:
Innlegg (Atom)