Sider

torsdag 6. mars 2014

Kjole; syalong vinter 2014

www.Sykroken.net er ein av nettstadane eg bruker ein del tid på, og der har vi av og til felles syprosjekt! 
Denne vinteren har vi hatt kjolesyalong og eg fann eit mønster eg likte på denne bloggen og kjøpt dette mønsteret som pdf-fil som eg lasta ned og skreiv ut.
Image of The Penny Pinafore sewing pattern (for teens and women)Image of The Penny Pinafore sewing pattern (for teens and women)   

 Mange A4 ark som eg limte saman og klipte ut i min str ! Mykje styr, men ganske spennende og så er det jo kjekt å få mønsteret med ein gang ein har bestemt seg da! Pdf-filene inneheld både mønster og svært gode arbeidsbeskrivelser. Arbeidsbeskrivelsen er faktisk delt i to; ein for trente syersker og ei for nybegynnere!
Mykje papir!

Mønsterarket er limt saman av 30 A4-ark
Eg tok utgangspunkt i hoftevidda, fordi i dette mønsteret var brystmålet oppgitt som øvre brystvidde, eit mål som er ukjendt for meg. Kjolen blei litt stor oventil, men det var lett å ordne! Snittet i kjolen har klassisk prinsessefasong, men har timeglassfasong på midtstykket; med to ulike stoff kan ein utnytte dette og lure til seg smalere midje, men obs det kan fort gi ein breiare bak også!!!!
Kjolen er sydd i mønstra stretchviscose fra Stofstedet.dk og einsfarga(mørk plomme) JerseyCourtelle fra S&S. Det er første gangen eg syr av Courtelle-stoffet som er ei blanding av Viscose, Polyester og Elastan, det er tungt, har fint fall og kjennes behagelig på kroppen.



Midtstykket har innsvinga liv; framhever timeglassfasongen!



Måtte skjøyte nederst på midtstykket, men med så mønstra stoff så viser det nesten ikkje på retta.




Ferdig


Ny kjole!


Kanskje ikkje den heldigaste fasongen for min brede bak!!!




lørdag 1. mars 2014

Kjole

Kjole: Onion 2046
Var på utkikk etter ein kjole med prinsessefasong og fant dette mønsteret fra Onion som virka ganske interessant. 

Har gjort ein del forandringer: 
  • Oppdaga ganske fort at ermane på mønsteret er svært smale og utvida derfor fleire centimeter på overarmsvidda. Synst eg tok godt i, men det var likevel ikkje nok,så eg satte inn ein liten kile i krysset mellom erme og sidesøm. Dersom eg skal bruke mønsteret fleire ganger, vil eg senke ermutringinga i tillegg til å utvide sjølve ermet.
  • Eg har gjort skjørtet smalere, fordi mottaker ønska seg ein ganske smal kjole. Denne reduksjonen har eg tatt på prinsessesaumen; 1.5cm nederst på alle fire plassane og skrådd ut i null opp mot hoftevidde. Kjolen er dermed ca 12cm smalere nede enn orginalmønsteret.
  • V-hals, fordi mottaker ville ha det! Enkel v-hals med belegg.
  • Kjolen er noen cm sidere enn mønsteret
Kjolen er sydd i Novella fra Kreativ som beskriver stoffet slik;
32% Viscose 62 % Polyester 6 % Elastin
Vaskes 30 grader
Brukes til : Kjole, skjørt, bukse m.m.
Deilig stoff som gir en kvalitetsfølese.

Trenger ikke fores.





Halsbelegget festa eg i saumane og med litt vliesofix midt foran


Her ser ein kor fint saumane føyer seg over skulder/brystpartiet

Kile under arma; utvider dermed ermholet!
Hadde opprinnelig ein plan om å legge opp både ermer og kjole for hand. Eg fekk det ikkje til fint, stinga viste gjennom uansett korleis eg sydde; så dermed blei det med symaskin, ikkje så lekkert men........

Babyantrekk str 74

Enda eit lite antrekk; dvs jakke m/hette og bukse med ribb i liv og nederst. Velour fra sommerferiehandelen i Helsingborg! Ribb fra S&S. Mønstre fra HeiltSpesiel&Jubel