Sider

mandag 28. april 2014

Kjole; after bicycling!

Med utgangspunkt i restane av Hilco Fietsen; eit nydelig og fargerikt viscosejerseystoff  vil eg sy ein vår og sommerkjole!
Og sidan eg er inne i ein rosa periode blei det matcha med rosa velour og raude kantband. Denne gangen har eg brukt coveren med kantbandapparat for første gang på voksenplagg.  Eg trur eg kjem til å sy halskant som før, synest det er likeså fint!
Mønsteret er mitt gode gamle, som eg har sydd eit ukjendt antal kjoler av før! Og da må eg sjølvsagt pynte litt ekstra bak i nakken; ein sykkel denne gangen!


Lommer i sida!

Varemerke!

Penny Pinafore II

Dette mønsteret har eg sydd av før, sjå tidligere innlegg HER 
Endringer/tilpasninger:
  • redusert skulderbredde
  • tatt av litt av skråen på midtstykka fra livet og ned
Stoff: 
  • lilla Courtelle jersey fra S&S. Viscose70%, 27% polyester og 3% elastan. Tilsammen ein tyngre jersey som egner seg godt til kjoler
  • Viscosejersey fra Hilco Fietsen; fargerikt og flott!


Fargematchen er perfekt!

Jakke i rosa glitter

Denne jakka er sydd etter eit mønster i Ottobre2/2012 Mod 12, eit ganske bra mønster men eg valgte ein str for stor, så eg måtte justere litt underveis. Er usikker på om vil behalde lommene, synest dei virker litt malplassert, får vurdere etterkvart!
Stoffet er fra S&S; Isoli (collegestoff) 85% bomull og 16% lurex m/glitter. For første gang har eg brukt covermaskina til stikninger, er ikkje heilt fornøyd, synst det er vanskelig å sy beint med denne maskina!


Tunika

Min østeuropeiske tunika!
Dette stoffet kjøpte eg på ein tur til Gdansk. Eg kjøpte det fordi eg likte så godt fargane, men det er supersyntestisk så eg er spent korleis det er i bruk. Klamt? Nuppette? Statisk?

 

tirsdag 15. april 2014

Små antrekk til gutt! SOLGT

Eit lite ras av små antrekk til gutt!
Body i bomullsjersey, bukse i bomullsvelour og halstørkle i bomullsjersey og bomullsfrottè. Dei største setta er i str 86, der har buksene lommer, medan dei minste setta er i str 74. Eg har satt sammen fleire fargekombinasjoner, men vil du kombinere annaleis så er det greit også.
Selger helst heile sett, men også enkeltplagg! Halstørkla selges berre i dei heile setta!

Vaskes på 40grader. Stoffa er vaska før sying, så plagget er klar til bruk!
 

Solgt: 
  • str 86 m/helikoptertrykk
  • str 74 m/politibil og m/sommerstemninger (lengst til venstre og høgre) 
Priser: 
  • Heilt sett dvs body, bukse og halstørkle str 74 kr  350.- str 86 kr 370.-
  • Body  kr 200,-
  • Bukse str 74 kr 150.- str 86 kr 170


Str 86 er akkurat passelig å gi i ettårsgave!

Str 74 er passelig str til ei nyfødtgave, kleda blir fort passelig!

Bodyen har trykk-knapplukning på ei skulder og i skrittet

Dei minste buksene har ikkje lommer; trur dei ville bli lite brukt!

søndag 6. april 2014

Vridd skjørt

Etter inspirasjon fra Sykroken.net og bloggen Maries fabric fekk eg lyst til å prøve meg på denne type skjørt. Utruleg enkelt og raskt å sy! Klipte skjørtet ca 10cm lengre enn på oppskrifta. Sydde av eit viscosejerseystoff eg hadde liggande; trur det blei kjøpt på Rainbow Tekstil for nokre år sidan. I livet har eg brukt brei strikk fra S&S; det anbefales ikkje, den er for slakk og skjørtet har for lite hold i livet.
Det blir sikkert fleire slike skjørt, kjempegode å ha på. Vil vurdere å vri litt meir enn 30cm på neste forsøk.