Babynest etter eit modifisert mønster fra Stoff&Stil. Har forlenga den med ca 10 cm og ca 5 cm på breidda. Stoff; smalstripa (20wales) fløyel fra lageret på loftet; sannsynligvis S&S. Blonde, skråbånd og snor fra samme stad. Til fyll brukte eg tredobbelt platevatt i botn og polyesterfyll fra ei pute i kanten rundt.
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Diverse. Vis alle innlegg
onsdag 14. februar 2018
søndag 15. desember 2013
Kaffiposer gjenbruk
Utrulig kva ein har tid til, berre for å
sleppe å begynne på julevasken!!! Handlenett,skulderveske og
toilettvesker av kaffiposer. Tusen takk til kjøkkenpersonalet på Ørskog
sjukeheim som har samla poser til meg.
![]() |
| Og her blei bildet på sida utan at eg får gjort noko med det! |
lørdag 21. september 2013
Brudekjole vs Dåpskjole
Eit spennende prosjekt er akkurat fullført!
Fekk i sommar spørsmål om eg ville sy om ein brudekjole til dåpskjole og det ville eg gjerne. Brudekjolen dukka opp av ei eske på loftet når oppdragsgiver rydda loftet etter sin mors død. Kjolen er av ukjendt opprinnelse, og såg ganske medtatt ut etter å ha lagt i ei pappeske i snart 60 år. Eg var svært usikker på om stoffet ville tåle å bli arbeid med, men etter at eg hadde strøke opp kjolen, såg eg at stoffet er ganske sterkt sjølv om det var noen revner her og der. Innerstoffet er av eit silke- eller chiffongliknande matriale. Eg har lurt på om det kan vere fallskjermsilke som svært mange brudekjoler fra etterkrigstida var laga av. Ytterstoffet er eit blondestoff med strekk i, sannsynligvis av ei slags nylonblanding.
Så til jobben eller utfordringa; korleis gjer eg dette? Kikka lenge på kjolen og bestemte meg etterkvart for å beholde grunninntrykket i dåpskjolen; dvs beholde det store rysjestykket i front.

| Rysjefronten er sydd av smale kapper av samme stoff som innerstoffet i kjolen! |
| Nydelig effekt; gjennomsiktig blondestoff ytterst! |
| Og sånn blei dåpskjolen; rysjestykket dominerer fortsatt. |
| Knapper i ryggen; har beholdt de handsydde knapphullshempene. Knappane var opprinnelig trekt med blondestoff, men hadde rakna opp, så eg har plukka av ytterstoffet og beholdt silkestoffet. |
| Rundt halsen har eg brukt ei av rysjene som halskrage/pynt. Knappepynt på bringa! |
| Til dåpskjole må ein ha matchende lue; blondestoff ytst, siste rest av innerstoffet blei for i lua, kjolerysje rundt hovud festa med skråband laga av innerstoffet. |
| Kjolerysj har her blitt kappe rundt heile nederkanten på omslagskjolen. |
tirsdag 4. juni 2013
Lang jakke Mischa
Lang jakke i skrukkestrikket stoff fra S&S. Mønsteret er fra Farbenmix. Har brukt Gutermann Mara (fra Willy) fleirfarga tråd til overlocksømmen i ryggen og langs slaga foran. Mønsteret er ganske greit heldigvis, for sømforklaringen er på tysk og det har eg fullstendig gløymt!
søndag 21. april 2013
Pose til bunadskjorte
Fekk spørsmål om å sy ein pose til oppbevaring av bunadskjorte, og her er min variant.
Sydd i litt grov lin i offwhite med kvitt broderi og sløyfer til lukning.
Passer fint til konfirmasjonsgave, og til alle andre som har bunad og som ikkje oppbevarer skjorta si skikkelig!!!
Sydd i litt grov lin i offwhite med kvitt broderi og sløyfer til lukning.
Passer fint til konfirmasjonsgave, og til alle andre som har bunad og som ikkje oppbevarer skjorta si skikkelig!!!
torsdag 28. februar 2013
Lue og votter
Eit deilig vintersett; votter og lue i ullfilt med fleece inni.
Ein frys ikkje på fingrane eller ørene med desse på!!
Ein frys ikkje på fingrane eller ørene med desse på!!
| Vottane er pynta med ei smal remse av fleece! |
mandag 10. september 2012
Loop!
Fekk stoff av klubbvenninner på dagen min; men kva i huleste skal eg bruke det til?
Fekk ide om loop-skjerf inne på Sykroken.net; så da blei det seks stk skjerf og de skal bli med på tur til Budapest!!
Har du ide om annan bruk av dette stoffet, send den til meg!!!
Fekk ide om loop-skjerf inne på Sykroken.net; så da blei det seks stk skjerf og de skal bli med på tur til Budapest!!
Har du ide om annan bruk av dette stoffet, send den til meg!!!
![]() |
| Ferdig loopskjerf |
![]() |
| Har fortsatt mange meter igjen! |
![]() |
| Stoffet er laust vevd; litt gassbindaktig! |
Abonner på:
Innlegg (Atom)