Sider

torsdag 14. november 2013

Vest

Vest til å holde varmen i!
Sydd av eit teddypelsliknande stoff, kjøpt på Rainbow Tekstil!





søndag 3. november 2013

Oversized kåpe

Med utgangspunkt i Ottobre 5/13 mod 19 har eg sydde denne kåpa. Sidan mottaker ønska seg ei såkalla "oversized" kåpe teikna eg av mønsteret i ca to størrelser større enn eg ville brukt til ei vanlig kåpe. Eg har gjort nokre endringer på mønsteret; sydde paspolerte/innfelte  i staden for utapåsatte lommer og fjerna innsvingen i saumen midt bak. Kåpa er sydd i ullstoff ytst og polyesterfòr fra Rainbow tekstil. Knappane kjøpte eg på Skaar Tekstil. Så er det berre å håpe at kåpa svarer til forventningane til mottaker!
Vil ho ikkje ha kåpa så tar eg den sjølv!

Sløyfa saumen midt bak

Ganske formlaus!

Bevegelsesfold i fòret i ryggsaumen

Innerlomme; til mobilen kanskje?

Stikninger langs krage og jakkeslag

Lomme med innfelt lommeklaff.

Å sy knapphol på så tjukt stoff er eit mareritt; maskina drar ikkje stoffet og det blir berre trøbbel! Fann ut at eg ville prøve med stabilisering under; da drar maskina bedre pluss at eg kan dra i stabiliseringsstoffet og dermed hjelpe maskina....

Det blei ganske bra til slutt!