Sider

fredag 19. juli 2013

Jakke i krinkelull

Jakke i deilig krinkelull (ull + polyester) fra Janusutsalget; ull på rull. Mønsteret er Simplicity 4032 mod.D. Dette mønsteret har eg virkelig hatt trøbbel med; til tross for kontrollmåling på førehand, så blei jakka altfor stor. Eg har sydd den inn i sidesaumen, korta inn på lengda og klipt av ein del på skulderbredda! Eg kunne sikkert brukt to str mindre! Til slutt blei den sånn ca bra!





Skjørt

Mønstra skjørt i bomull med litt stretch. Mønsteret er fra NewLook nr 6193. Dette er eit svært enkelt skjørt; kun søm i sida, glidelås i sidesaum og formsydd linning. På mønsteret er der utapåsatte lommer , men det droppa eg! Stoffet kjøpte eg i Gdansk.