Sider

mandag 30. april 2012

Enkelt underskjørt!

Dei siste åra er det blitt svært vanleg at konfirmantar får bunad til konfirmasjonen sin. Bunader er av ull, og for svært mange betyr det kløe, spesielt på beina der det berre er ei tynn strømpebukse mellom hud og ull!
Eg har difor begynt å sy underskjørt i gave til dei konfirmantjentene eg kjenner. Eg syr eit svært enkelt underskjørt og eg vil her prøve å gje ein kort arbeidsbeskrivelse om korleis eg gjer det!
Du treng å vite; lengde på bunadstakken, underskjørtet må vere minst 5 cm kortare
Liv- og hoftevidde; ca-mål, dette er ikkje målsaum, men eit underskjørt som kan brukast i mange år. Dei fleste legg seg ut i livet og heller lite i lengda etter konfirmasjonsalderen!!

Begynn med å legge stoffet dobbelt;  jare mot jare. Jarekantane er MidtBak og bukta blir MidtForan og skørtedelane blir liggande kvar sin vei på stoffet.
  1. Sett av skjørtelengde + 3cm til opplegg + 3cm til løpegang i livet. Sett ein vinkelrett strek over stoffet.
  2. Merk av for sidesaum fra midt bak og fra midt foran
    Livvidde + 12cm( bevegelsesvidde + litt å vekse i) : 4(1/4 livvidde) + 4cm til saumrom(1cm på kvar av dei fire delane)
  3. Trekk ein strek mellom desse to punkta = sidesaumane
  4. Rund opp litt i kvar side, slik at skjørtet får lik lengde rundt heile.
  5. Klipp!
  6. Sy midt bak saumen, lå det stå att ca 20cm øvst. Klyvpress og sy splitt i  20cm`s åpninga
  7. Sidesaumar
  8. Løpegang i livet; brett og press først 1cm så 2cm og sy stikning
  9. Legg opp; brett og press først 1cm så 2 cm og sy stikning
  10. Tre i strikk
  11. Evt pyntesaum langs opplegget!

Stoffet ferdig merka og klar til klipping

Ferdig klipt!

Splitt midt bak

Ferdig!

Bunadinspirert maskinbroderi nederst!

torsdag 26. april 2012

Klinkekulevariant i lin

Denne gangen har eg sydd ein såkalt klinkekulekjole i lin og tynn bomull. Linet er fra S&S; kraftig strukturlin / viscose. Bomullsstoffet i ermane er også fra S&S. 
Mønsteret har eg henta fra sybloggboka "Made by me". Str M; den virker litt stor i str.
Mottaker ville ha lengre ermer og litt smalere skjørt, så det har ho fått!!
Kjolen er pynta med applikasjoner av samme stoff som i ermane og broderi i samme stil. 

Kjolen fikk litt retropreg!?

Skrukkete, men lin er lin!


Detalj fra rygg

Detaljbilde av dekor; kombinasjon av applikasjon og broderi.


tirsdag 24. april 2012

Barnebunad med cape.

Dette er barneutgaven av Sunnmørsbunaden, også kalla Märthabunaden. 
Tilfanget er kjøpt på Skaar tekstil og er såleis ikkje "orginal vare fra Husfliden".
Bunaden er brodert av Astrid Støylen; ei erfaren og flink bunadbroderer!
Ferdig barnebunad ca str 4år; med forkle og lomme.

Bak
Ein kjem ikkje utanom piping! Her øvst på stakken; seks omganger med 1.5 x 1.5cm avstand

Stakken er festa til livet med linning. Har laga ei ekstra stor omslagsfold her så kan ein evt legge den ut seinare.

Bakfra!
Forkle med tampen bak; den syast fast på ei side og har hekter og trykknapper på den andre sida.

Lomme (veske) med sølvlås
Cape med halsspenne; her har eg brukt eit gammalt tinn koftehekte!

Detaljbilde piping; tråkletrådane strammast heilt saman, dampast og skal ligge til det er kaldt.

Pipene trekkast ut i passe bredde og festes med attersting og kjedesting.

Kvar enkelt pipe syast fast i halslinninga.

Kollelue; sjå eget innlegg ang. framgangsmåte!