Dei siste åra er det blitt svært vanleg at konfirmantar får bunad til konfirmasjonen sin. Bunader er av ull, og for svært mange betyr det kløe, spesielt på beina der det berre er ei tynn strømpebukse mellom hud og ull!
Eg har difor begynt å sy underskjørt i gave til dei konfirmantjentene eg kjenner. Eg syr eit svært enkelt underskjørt og eg vil her prøve å gje ein kort arbeidsbeskrivelse om korleis eg gjer det!
Du treng å vite; lengde på bunadstakken, underskjørtet må vere minst 5 cm kortare
Liv- og hoftevidde; ca-mål, dette er ikkje målsaum, men eit underskjørt som kan brukast i mange år. Dei fleste legg seg ut i livet og heller lite i lengda etter konfirmasjonsalderen!!
Begynn med å legge stoffet dobbelt; jare mot jare. Jarekantane er MidtBak og bukta blir MidtForan og skørtedelane blir liggande kvar sin vei på stoffet.
- Sett av skjørtelengde + 3cm til opplegg + 3cm til løpegang i livet. Sett ein vinkelrett strek over stoffet.
- Merk av for sidesaum fra midt bak og fra midt foran
Livvidde + 12cm( bevegelsesvidde + litt å vekse i) : 4(1/4 livvidde) + 4cm til saumrom(1cm på kvar av dei fire delane)
- Trekk ein strek mellom desse to punkta = sidesaumane
- Rund opp litt i kvar side, slik at skjørtet får lik lengde rundt heile.
- Klipp!
- Sy midt bak saumen, lå det stå att ca 20cm øvst. Klyvpress og sy splitt i 20cm`s åpninga
- Sidesaumar
- Løpegang i livet; brett og press først 1cm så 2cm og sy stikning
- Legg opp; brett og press først 1cm så 2 cm og sy stikning
- Tre i strikk
- Evt pyntesaum langs opplegget!
|
Stoffet ferdig merka og klar til klipping |
|
Ferdig klipt! |
|
Splitt midt bak |
|
Ferdig! |
|
Bunadinspirert maskinbroderi nederst! |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar