Sider

torsdag 26. desember 2013

Julegavegenser

Gutteplagg trengst også! Sydd etter Ottobremønster og i jersey fra S&S(trur eg)
 Spreke farger til ein sprek gut!
Bildet snur seg tilbake uannsett kva eg gjer så det får berre vere på skjeiva!


Julegavekjole!

Enda ein kjole med utgangspunkt i Jubel og Heiltspesiell-boka!
Kjole i velour med utgangspunkt i mønsteret på Kløverkjole m/ lommer. Stoffet kjøpte eg i Sverige i fjor sommar. Ribb fra S&S.




Fornøyd med julegava!!?

Jakke i krinkelull

Jakke i mørkgrå krinkelull m/ sølvtråder fra Janus sin nettbutikk  "ull på rull". Mønster fra Ottobre 5/2013. Mod:13.
Jakka er sydd nesten heilt etter mønsteret, einaste endring er litt smalere innsnitt i midja og to hekter i staden for berre eitt! Dette mønsteret har svært godt snitt og enkle detaljer som utenpåsydde innsnitt i livet og brystsnitt fra skuldersømmen og nedover; tilsammen ei ganske feminin jakke! Så får ein håpe at den passer tl mottaker!




søndag 15. desember 2013

Kaffiposer gjenbruk

Utrulig kva ein har tid til, berre for å sleppe å begynne på julevasken!!! Handlenett,skulderveske og toilettvesker av kaffiposer. Tusen takk til kjøkkenpersonalet på Ørskog sjukeheim som har samla poser til meg.
Og her blei bildet på sida utan at eg får gjort noko med det!

torsdag 5. desember 2013

Bukse

Hadde så lyst på ei svart mønstra finbukse, men med min kroppsfasong er det ikkje alltid så lett å finne noko som passer, da må eg sy! Fant stoff i skapet, trur det er fra S&S, lint tynnt med det får holde! Eget mønster.

Baklommer

Jeanslommer; dei er der men viser ikkje så godt på bildet!

Lilla

Lilla til advent og jul!
Til ei lita jente som elsker lilla sydde eg desse tre kjolane. Tre kjoler så ho skulle ha noko å velge i og fordi eg liker lilla svært godt sjølv! Mormora måtte ha to av kjolane så no er den tredje til salgs; dvs den i midten med blomstra lommermønstr
Alle tre er sydd i lilla velour fra Textart og mønstra jersey fra Gekko og ein butikk i Helsingborg. Pynt og ribb fra S&S