Sider

fredag 24. mai 2013

Singlet

Herresingletter
Den raude er i bambus fra Myllymuksut (finsk)og den gråblå er i tynn ull fra Janus. Planlegger mykje sol i sommar og da kan det vere greit med litt lette kle!
Den raude er kanta med bomullsribb medan den gråblå er kanta med ullribb. 

onsdag 22. mai 2013

Spencer med lommer

Enkel spencerkjole med lommer i Sydillas feer; stretchsjersey i bomull og lycra og kanting av ribb fra S&S.
Mønsteret er Onion 20020 i str 110.



fredag 17. mai 2013

Blåkopi

Denne kjolen har eg sydd fleire av og enda fleire blir det etter kvart!
Mønsteret er  Burda nr 7798 som inneheld både tunica, topp og kjole i samme snittmønster. Eit svært godt mønster som er kledelig til dei fleste kvinnekropper!
Sydd i bommullschambrey fra Textart. Skjørtedelen på kjolen er skråklipt, dette gir fint fall i skjørtet. Ysynleg glidelås i ryggen.



fredag 10. mai 2013

Enkel jerseytrøye

Enkel langerma t-skjorte i jersey fra Stenzo (Milkyflower); ein god bomullsjersey. Mønsteret er Ottobre basismønster nr 303. Tenkte det skulle bli ei heilt enkel einsfarga trøye, men plutselig berre måtte eg ha litt kontrastfarge og dermed blei det smal blå halskant.
Modellen var ikkje heilt våken i kveld og blei derfor sensurert kraftig!