Sider

søndag 14. desember 2014

Støvlettholdere

Støvlettholdere a.m. House of Hopen; Solveig alias LilleMy.
Desse lure innretningane har eg hatt på planstadiet i lengre tid og da passer det sjølvsagt å sy dei no i julestria!
Stoffet er fra S&S og var egentlig tenkt til noko heilt anna, men passer fint til dette også. Gamle silke- og fløyelsband fra skuffene. 
Takk til Solveig for at du deler! Dei er allereie i bruk, og no vurderer eg å sy fleire som ekstragaver til jul!


tirsdag 9. desember 2014

Tunica og tights

Tunica og tights str 128. 
Mønsteret på tunicaen er fra Ottobre 3/2014 Mod.30, men sidan det er vinter no, så sydde eg lange ermer. Mønsteret til tightsen er fra eget mønsterlager!
Klea er sydd av bomullsjersey kjøpt på Lillestrøm sysenter. Kva er vel meir naturleg enn å kjøyre innom der når ein er på tur fra Oslo til Sunmøre!!
I halsen har eg brukt cover/kantbandapparat og ribb fra S&S; ikkje heilt match i oransjefargen, men likt nok!




mandag 8. desember 2014

Jerseytrøye

Julegavesøm; jerseytrøye str 164. Mønster fra ottobre 3/2014 mod 39, men med lang arm.
Stoff fra Kreativ(www.pppp.no) ;trur eg!
Trøya har overkrage og sidestykker i mørkt ribbstoff og underkrage og trenålsstikning i oransj; litt spreke farger må til! Fargen sjåast best på detaljbilda.


søndag 30. november 2014

Trøye i bambus

Trøye i bambus str 152. Mønster Ottobre 4/2012 mod 35. Bambusstoffet er fra Mullymuksut i Finland, litt levjete men utrulig godt å ha på. Kanta med ribb fra S&S. Knappane er også fra S&S.




onsdag 26. november 2014

Jerseytopp

Enda ein jerseytopp!
Denne gangen har eg nytta mønster fra Ottobre 5/2010; Mod 8 Bessie.
Toppen er sydd i bomullsjersey fra Kreativ.  På modellen i bladet er kantinga sydd av stumt bomullsstoff men eg har kanta med ribb fra S&S. I dag er eg og coveren venner, så det gjekk greit å bruke kantbandapparatet, men denne maskina er den mest lunefulle maskina eg nokon gang har vore borti. Eg både elsker og hatar den!!!!
og no blei eg enda surere; eg får ikkje til å snu bilda så du får vri hovudet for å sjå!




søndag 2. november 2014

Kjole S&S 23060

Denne kjolen blei ferdig for ei tid tilbake, men sidan fotografen min har flytta heimafra så blir det sjeldnere eg får tatt bilder.
Kjolen er 100% S&S-produkt. Eg har brukt mønster nr 23060, og for første gang er eg fornøyd med eit mønster fra S&S! Einaste endringa eg har gjort er forlenging av ermer og ringa litt meir ut i halsåpninga. Stoffet er Jacquard sort med blå stripet av 84% Polyester,15% Rayon og 1% Spandex, nydelig stoff som eg håper held seg fint i bruk. Syntest kjolen blei i enklaste laget så eg pynta med nokre knapper til slutt!






fredag 26. september 2014

Jerseytrøye

Holder fortsatt på med mønstre fra siste Ottobre(5/14) mod. 4: jerseytrøye med rynker i eine sidesømmen. Har brukt nydelig viskosejersey kjøpt på Rainbow tekstil, det har alle mine yndlingsfarger!
Og desse rynkene i sidene er virkelig en god valkeskjuler........bør kanskje satse på rynker i begge sidene neste gang! 

            Klikk bildet for større versjon

Navn:  1411298280806.jpg‎
Visninger: 27
Størrelse:  31,3 KB

Tunika og tights


Antrekk fra siste Ottobre (5/2014)
Mod nr 5; jerseytunika, sydd i jerseycourtelle fra S&S. Dette stoffet har god tyngde med tanke på fallet i fronten, ulempen er at det har nesten ikkje strekk på lengda. Fordi ermer og sidestykka er klipt i eit, kjem strekken på langs av ermet i staden for på tvers og dermed blir dei litt trange.
Tight`sen er klipt med utgangspunkt i mønster nr 6, men er sydd etter klipp, sy, prøv, sy, klipp og prøv-igjen-prinsippet! Sydd i viscosejersey fra Rainbow tekstil. Begge stoffa er gamle hyllevarmere som det er godt å få brukt!

Trenchcoat

Vår-Sommer-Haust-trenchcoat fra Ottobre 2/2014 Mod.Har hatt worklogg på Sykroken så eg legg inn lenke HER så kan du evt klikke deg dit og sjå nærmere på heile prosessen.
Berre eit par sluttbilder her!


                

torsdag 17. juli 2014

Enkel blondetopp

Hadde meg ei butikkrunde ein dag og haldt på å kjøpe meg ein blondetopp; men så kom eg heldigvis på at eg hadde eit liknande stoff heime! Dermed var ein ny ide oppstått og da er det berre å sette i gang!
Stoffet er blondestretch i ein mjuk kvalitet fra S&S, kor haldbart det er i bruk får vise seg etterkvart.
Mønsteret er Ottobre basic (303).
Toppen er noko gjennomsiktig så eg må huske å tenke over kva eg har under!

onsdag 16. juli 2014

Dameteskjorte


Dette deilige stoffet har eg sydd ein langerma topp av tidlegare, så no når eg ville prøve eit nytt mønster var stoffet igjen førstevalget! Og det beste av alt; eg har igjen nok stoff til ein singlet også!! Ganske einspora i stilen!!!!
Stoffet er bomullsjersey og er kjøpt av Textart (trur eg), som desverre ikkje har nettbutikk lenger.
Mønsteret er fra Ottobre 2/2014 mod. 3: Solid Green jerseybluse.
Eg har runda av kanten nederst og forlenga ermet ca 3cm, ellers har eg følgt mønsteret.


Litt pynt i nakken!

Her har eg sydd rynker på ein ny måte; klipte til strikk i tilpassa lengde, strekte den ut og sydde fast innafor det partiet som skulle rynkast saman. Egentlig ein ganske grei måte å få rynkene jamt fordelt!
Til kantinga i V-halsen har eg brukt covermaskina.


onsdag 9. juli 2014

Sommerkjoler

Sommerkjoler til ein av mine VIP-kunder!
Stoff; bomullsjersey fra Sydilla og Textart. Ribb fra S&S.


Innfelte sidelommer; coversaum

Uttapåsatte lommer; pynta med kroklisser og knapper

Litt pynt i halsen!

Sommerkjole; Parfait fra Colette

Eg klipte denne kjolen tidleg i mai, men av ein eller anna grunn stoppa det opp! No er sommeren her og heldigvis er kjolen omsider ferdig!
For første gang syr eg etter eit mønster fra Colette, modellen heiter Parfait. Dette blei ei positiv erfaring, for sjølv om arb.beskrivelsen er på engelsk så var den lettfattelig og godt forklart både med tekst og illustrasjoner.

Mange deler skulle stives med strykelerret

Oversiktlig!

Mange gode tips og eg fekk friske opp ein del syteknikker som f.eks stitch in the ditch og blindstitch; lærerikt!

Nydelig bomullsstoff; kjøpt av Gekko (trur eg)



Selane er knappa foran. Frontpartiet er kanskje i største laget; men pytt pytt!!


Dette med usynlig glidelås er nesten magisk!

Lomme med knapp; har knapphull men sløyfa å åpne det; sydde berre knappen fast over.


lørdag 31. mai 2014

Langerma T-skjorte

Prikk-i-prikk!
Enda ei T-skjorte etter Ottobre sitt basicmønster. Bomullsjersey fra Rainbow Tekstil.
Kvardagstrøyer får ein vel aldri for mange av!!





torsdag 29. mai 2014

Skjørt

Tulipp&Tatamo-inspirert skjørt.
Det er langt til Oslo, og TulippogTatamobutikken i Pilestredet, så derfor må ein ordne skjørtet sjølv!!!
Det er vel ikkje heilt lovleg å kopiere deira ideer men når ein syr sånn etter eget hode, blir de jo berre noko liknande!
Skjørtet er sydd i stretchdongry, kanten nede er i bomullstoff med litt elastan og til biser har eg brukt ribb. Alle stoff fra S&S.



fredag 16. mai 2014

Sommerkjole

Florlett sommerkjole fra "Made by me" boka!
Forrige veke hadde vi ein liten utflukt til Stoff&Stil, og dette stoffet ville dattra ha kjole av, og sånne ønsker kan eg sjølvsagt ikkje stå imot!
Kjolen har "fjuskepiping" med strikk i undertråden over heile bryststykket. Var spent på å prøve dette, det gjekk greit, men symaskina likte det sånn passe men knirka seg gjennom 16 runder!
Skjørtedelen er lett utskrådd. Stoffet er tynt og litt gjennomsiktig så derfor har eg fora fra under bryststykket og ca ned til knea!


Min flotte datter i ny heimelaga kjole!

Bryststykke med strikkpiping


Medaljens bakside!


Skjørtedelen er fora

Enkel rullefald nederst