Sider

mandag 30. september 2013

Kjole med knappestolpe og lommer

Heilt Spesiell og Jubel. Sy glade klær til glade barn 
Denne boka er berre eit "must" dersom du vil sy barnekle i elastiske stoff. Gode mønstre og massevis nyttige av sytips og stoffideer. 

Fekk denne boka iposten for nokre dager sidan og blei øyeblikkelig inspirert til å prøve eit av mønstrene. Først ut er "Kjole med knappestolpe og lommer". Eg hadde jerseykvalitetane fra Gekko og Textart som er mykje brukt i boka liggande, og dermed blei det ein kjole i lilla, grått og kvitt.  Det er lenge sidan eg har brukt covermaskina med kantbandapparat så eg plundra litt i starten, men etterkvart gjekk det bedre og til slutt ganske bra!


lørdag 21. september 2013

Brudekjole vs Dåpskjole

Eit spennende prosjekt er akkurat fullført!
Fekk i sommar spørsmål om eg ville sy om ein brudekjole til dåpskjole og det ville eg gjerne. Brudekjolen dukka opp av ei eske på loftet når oppdragsgiver rydda loftet etter sin mors død. Kjolen er av ukjendt opprinnelse, og såg ganske medtatt ut etter å ha lagt i ei pappeske i snart 60 år. Eg var svært usikker på om stoffet ville tåle å bli arbeid med, men etter at eg hadde strøke opp kjolen, såg eg at stoffet er ganske sterkt sjølv om det var noen revner her og der. Innerstoffet er av eit silke- eller chiffongliknande matriale. Eg har lurt på om det kan vere fallskjermsilke som svært mange brudekjoler fra etterkrigstida var laga av. Ytterstoffet er eit blondestoff med strekk i, sannsynligvis av ei slags nylonblanding.

Så til jobben eller utfordringa; korleis gjer eg dette? Kikka lenge på kjolen og bestemte meg etterkvart for å beholde grunninntrykket i dåpskjolen; dvs beholde det store rysjestykket i front.


Brudekjolen har to stoff der det innerste er fòr og rysjestykke foran, og ytterstoffet fortsetter over i slepet, i livet er der eit laust livstykke. Kjolen er nydelig og det var faktisk vanskelig å klippe i den!

Rysjefronten er sydd av smale kapper av samme stoff som innerstoffet i kjolen!

Nydelig effekt; gjennomsiktig blondestoff ytterst!



Og sånn blei dåpskjolen; rysjestykket dominerer fortsatt.




Knapper i ryggen; har beholdt de handsydde knapphullshempene. Knappane var opprinnelig trekt med blondestoff, men hadde rakna opp, så eg har plukka av ytterstoffet og beholdt silkestoffet.

Ermelinning med knapper; dette er faktisk den samme erma som var på brudekjolen! Ermane var svært smale så eg har beholdt vidda på ermet medan mansjetten er korta inn ein del; knapper og hemper har eg plukka av brudekjolen og sydd på igjen her!

Rundt halsen har eg brukt ei av rysjene som halskrage/pynt. Knappepynt på bringa!

Til dåpskjole må ein ha matchende lue; blondestoff ytst, siste rest av innerstoffet blei for i lua, kjolerysje rundt hovud festa med skråband laga av innerstoffet.


Etter dåpssermonien må dåpsbarnet kle seg om og da passer det vel fint med ett mindre plagg i samme stil!
Omslagskjole til jenter og ein liten vest til guten! Begge to er fòra med tynn lin/viscose fra S&S





Kjolerysj har her blitt kappe rundt heile nederkanten på omslagskjolen.