Sider

torsdag 17. juli 2014

Enkel blondetopp

Hadde meg ei butikkrunde ein dag og haldt på å kjøpe meg ein blondetopp; men så kom eg heldigvis på at eg hadde eit liknande stoff heime! Dermed var ein ny ide oppstått og da er det berre å sette i gang!
Stoffet er blondestretch i ein mjuk kvalitet fra S&S, kor haldbart det er i bruk får vise seg etterkvart.
Mønsteret er Ottobre basic (303).
Toppen er noko gjennomsiktig så eg må huske å tenke over kva eg har under!

onsdag 16. juli 2014

Dameteskjorte


Dette deilige stoffet har eg sydd ein langerma topp av tidlegare, så no når eg ville prøve eit nytt mønster var stoffet igjen førstevalget! Og det beste av alt; eg har igjen nok stoff til ein singlet også!! Ganske einspora i stilen!!!!
Stoffet er bomullsjersey og er kjøpt av Textart (trur eg), som desverre ikkje har nettbutikk lenger.
Mønsteret er fra Ottobre 2/2014 mod. 3: Solid Green jerseybluse.
Eg har runda av kanten nederst og forlenga ermet ca 3cm, ellers har eg følgt mønsteret.


Litt pynt i nakken!

Her har eg sydd rynker på ein ny måte; klipte til strikk i tilpassa lengde, strekte den ut og sydde fast innafor det partiet som skulle rynkast saman. Egentlig ein ganske grei måte å få rynkene jamt fordelt!
Til kantinga i V-halsen har eg brukt covermaskina.


onsdag 9. juli 2014

Sommerkjoler

Sommerkjoler til ein av mine VIP-kunder!
Stoff; bomullsjersey fra Sydilla og Textart. Ribb fra S&S.


Innfelte sidelommer; coversaum

Uttapåsatte lommer; pynta med kroklisser og knapper

Litt pynt i halsen!

Sommerkjole; Parfait fra Colette

Eg klipte denne kjolen tidleg i mai, men av ein eller anna grunn stoppa det opp! No er sommeren her og heldigvis er kjolen omsider ferdig!
For første gang syr eg etter eit mønster fra Colette, modellen heiter Parfait. Dette blei ei positiv erfaring, for sjølv om arb.beskrivelsen er på engelsk så var den lettfattelig og godt forklart både med tekst og illustrasjoner.

Mange deler skulle stives med strykelerret

Oversiktlig!

Mange gode tips og eg fekk friske opp ein del syteknikker som f.eks stitch in the ditch og blindstitch; lærerikt!

Nydelig bomullsstoff; kjøpt av Gekko (trur eg)



Selane er knappa foran. Frontpartiet er kanskje i største laget; men pytt pytt!!


Dette med usynlig glidelås er nesten magisk!

Lomme med knapp; har knapphull men sløyfa å åpne det; sydde berre knappen fast over.