Sider

tirsdag 29. oktober 2013

Babysett str 68

Enda meir fra boka til Jubel & HeiltSpesiel!
Jakka er etter mønsteret "Jakke m/skyer", med litt forandringer; uten ekstra lengde og med kantband nede. Eg sløyfa også fòr i hetta.
Buksa er " Tøffing buksa" men utan lommer.
Settet er i str 68 og i velour og ribb fra S&S. Kjekt å sy småkle!




onsdag 23. oktober 2013

Skjørt x 2

Har endelig eit skjørtemønster som eg er fornøyd med! Har sydd sommerskjørt av dette mønsteret før, så no når hausten er godt i gang og vinteren dukkar vel snart opp, treng eg tjukkare skjørt! Begge skjørta er sydd etter NewLook nr 6193, einaste endringa er at eg har flytta glidelåsen fra sidesaumen til midt bak


Det første er sydd av mønstra dongry som eg kjøpte av ei "sykrokvenninne". Eg gløymde at mønsteret er med saumrom så det blei litt stort i liv/linning, men godt brukandes uannsett!

Lomme på ei side; med skinnpynt plukka av ein gammal støvlet!

Det andre vinterskjørtet er sydd i ull fra Rainbow tekstil og er heilfora på enklaste måte! Forstoffet er også kjøpt på Rainbow tekstil og er noko heilsyntetisk, billeg og lettsmelta!


Heilfora

Glidelåsen er sydd inn på vanleg måte og er godt synleg!

mandag 7. oktober 2013

Skjørt

Ei av mine små kunder ønska at sydama skulle sy skjørt som ho kan ha over ulltrøya og ullstilongsen, og her er resultatet. Skjørtet er sydd i mjuk fløyel fra Kreativ(?) og linning i jersey fra S&S. Lommene er kanta med heimelaga skråband og utapåsydd.


Kjole

Enda ein kjole fra HeiltSpesiell&Jubel-boka!
Samme mønster som den forrige, men str 92 og skal kle ei lita frøken! Frottè fra Kreativ og blomstra jersey fra Gekko. 


fredag 4. oktober 2013

Lilla Skjørt og genser

Meir fra HeiltSpesiell&Jubel-boka! 
Denne gangen "Rødhetteskjørt og genser". Settet er sydd i sommerfrottè fra Kreativ, mønstra jersey trur eg er fra ein butikk i Helsingborg og ribb til kantbanda er fra S&S. 
Har endra litt på lommeyttersvingen og på genseren sløyfa eg sideåpning i halsutringinga; ellers er alt etter boka!