Sider

søndag 30. november 2014

Trøye i bambus

Trøye i bambus str 152. Mønster Ottobre 4/2012 mod 35. Bambusstoffet er fra Mullymuksut i Finland, litt levjete men utrulig godt å ha på. Kanta med ribb fra S&S. Knappane er også fra S&S.




onsdag 26. november 2014

Jerseytopp

Enda ein jerseytopp!
Denne gangen har eg nytta mønster fra Ottobre 5/2010; Mod 8 Bessie.
Toppen er sydd i bomullsjersey fra Kreativ.  På modellen i bladet er kantinga sydd av stumt bomullsstoff men eg har kanta med ribb fra S&S. I dag er eg og coveren venner, så det gjekk greit å bruke kantbandapparatet, men denne maskina er den mest lunefulle maskina eg nokon gang har vore borti. Eg både elsker og hatar den!!!!
og no blei eg enda surere; eg får ikkje til å snu bilda så du får vri hovudet for å sjå!




søndag 2. november 2014

Kjole S&S 23060

Denne kjolen blei ferdig for ei tid tilbake, men sidan fotografen min har flytta heimafra så blir det sjeldnere eg får tatt bilder.
Kjolen er 100% S&S-produkt. Eg har brukt mønster nr 23060, og for første gang er eg fornøyd med eit mønster fra S&S! Einaste endringa eg har gjort er forlenging av ermer og ringa litt meir ut i halsåpninga. Stoffet er Jacquard sort med blå stripet av 84% Polyester,15% Rayon og 1% Spandex, nydelig stoff som eg håper held seg fint i bruk. Syntest kjolen blei i enklaste laget så eg pynta med nokre knapper til slutt!