Sider

torsdag 28. mars 2013

Genser med flaggermusermer

Kjøpte dette deilige Hilco Brezzes Caramel stoffet av Kreativ, og i dag er det blitt til ein deilig genser med vidde og flaggermusermer!
Mønster fra Ottobre 5/2010 Mod.13. Orginalmønsteret var med V-hals og lommer. Eg liker ikkje V-hals og har derfor endra til rund halsutringing. Lommene sløyfa eg, fordi når stoffet er elastisk så sig dei nedover så snart du putter noko i lomma!!








Pute med enkel applikasjon

Dama ønska seg pute med rester fra eit nydeligt gardinstoff i lin. Hovedstoffet er grov lin fra S&S. Klipte ut mønsteret(blada) og applikerte to blad på framsida og eit blad på baksida.
Putene er ca 40 x 60 cm. Eg er ikkje så trena på interiør, men putene blei fine dei, og mottaker blei fornøyd og det er det viktigaste!



Baksida; oppned!


Putene har glidelås på eine langsida


torsdag 14. mars 2013

Kjole med "skjeiv" halsåpning

Denne kjoleideen fekk etter å surfa rundt på nettet etter tips; utruleg mange spennande ideer å plukke opp der "out in space"!
Med utgangspunkt i mitt eige grunnmønster har eg denne gangen sydd ein prikkakjole med halsåpninga plassert til siden for midten. Grubla ei stund på korleis eg skulle gjere det, og enda opp med å legge ei fold i stoffet på bryststykket slik at der egentlig ikkje er åpning, det berre ser slik ut!
Kjolen er sydd i velour og jersey fra Textart. Ribb og krokalisser fra S&S, medan knappane kjem fra samlinga mi.


Nærbilde av bryststykke med "skjeiv" åpning.

 
Her har eg brukt raud krokalisse som diskre pynt!

Pynt i nakken hører med på alle mine kjoler!