Sider

tirsdag 29. januar 2013

Teddyjakke

Dette jakkemønsteret har eg kikka på lenge og endelig ei flott anledning til å sy den, nemlig ei lita jente som snart blir fem år. 
Mønsteret er fra Ottobre 4/2012, Modell nr 11; Teddyjakke. 
Denne utgava av Ottobre er forresten full av nydelige mønstre til barn.
Hovedstoffet er Hilco Super Souple farge 47, eit mjukt og deilig stoff som kan beskrives som noko mellom fleece og vinterfrottè. Hettefor og forkanter av jersey fra SySøder i Helsingborg. Kantinga er av ribb fra S&S. Ermane har oppbrett med strikk inni.
Sydde kantbanda på med covermaskina, og må sei eg er imponert over at den greide å sy så tjukt; ti lag på det tjukkaste! Måtte desutan skjøyte bandet, det var jo utfordrande både for meg og maskina, men det blei bra!


Utbretta forkanter!

Denne gangen har eg brukt kantbandapparat som kanter inn både på retta og vranga; eit såkalla B-binder.

Litt pynt må til!


lørdag 26. januar 2013

Genser / Tunika

Tunika i koksgrått skrukkestoff fra S&S. Jersey med bomber fekk eg av ein hemmelig venn på Sykroken! Mønsteret er laga etter ein kjøpegenser!
Prøvde å lage vridd halskant etter ide fra Nicole (ColsClothingCompany), resultatet blei sånn noenlunde. Ikkje heilt egna stoff trur eg!





søndag 20. januar 2013

Kjole, igjen!

Ein god kollega ønska seg ein kjole i svart, og her er resultatet!
Har brukt mitt vanlige grunnmønster og tilpassa det til dama. Syntest kjolen blei litt trist, så eg pynta opp med kvite og raude knapper. Eg er ikkje så glad i svart, så mottaker får heller sprette av knappane dersom ho foretrekker det!!
Svart velour fra Textart, mønstra svart og sølvgrå velour fra Stoffstedet.dk.og pynt fra S&S.
Ikkje så gode bilder denne gangen, vanskelig å ta fine bilder inne.
Frontbilde

Baksida har sjølvsagt pynt i nakken!

Detaljbilde av applikasjonen på skjørtet