Pute med motiv
Ideen til denne puta, fekk eg etter å ha sett noko liknande i avisa. Kjøpte transfer tekstil folie på S&S. Lasta ned eit gammalt bilde fra Ørskog Historielag sitt bildearkiv og bearbeida det og tilpassa bildet til denne bruken. Dvs eg forandra litt på farge, kontrast, str og til slutt speilvendte eg bildet. Speilvendinga er viktig fordi bildet blir lagt med retta ned mot stoffet, før det strykes fast /smeltes inn i stoffet.
Sjølve trykket blir litt stivt og plastikk-aktig så eg vil ikkje anbefale det til bruk på kle. I følge bruksanvisninga så er trykket vaskbart, kor holdbart det er gjenstår å sjå!
Linstoff og blonder, også fra S&S.
|
Nærbilde av bildet |
Flott pute dette her, men du skal få ei lita gave fra meg til liknande prosjekt, der resultatet ikkje blir plastikk-aktig.
SvarSlettKjempekoslig blogg. Du har det nok kjekt OppåLoftet Helsing Dompapp
Takk for kjekk kommentar! På loftet er det alltid kjekt!
SvarSlettHei! Kjekt å sjå ka naboen styra med, imponert. Lika godt å drive med handarbeid sjølv, men har blitt lite sying siste åra. Takk for titten. Mbh:Birte
SvarSlett