Gutteplagg trengst også! Sydd etter Ottobremønster og i jersey fra S&S(trur eg)
Spreke farger til ein sprek gut!
Bildet snur seg tilbake uannsett kva eg gjer så det får berre vere på skjeiva!
torsdag 26. desember 2013
Julegavekjole!
Enda ein kjole med utgangspunkt i Jubel og Heiltspesiell-boka!
Kjole i velour med utgangspunkt i mønsteret på Kløverkjole m/ lommer. Stoffet kjøpte eg i Sverige i fjor sommar. Ribb fra S&S.
Kjole i velour med utgangspunkt i mønsteret på Kløverkjole m/ lommer. Stoffet kjøpte eg i Sverige i fjor sommar. Ribb fra S&S.
![]() |
Fornøyd med julegava!!? |
Jakke i krinkelull
Jakke i mørkgrå krinkelull m/ sølvtråder fra Janus sin nettbutikk "ull på rull". Mønster fra Ottobre 5/2013. Mod:13.
Jakka er sydd nesten heilt etter mønsteret, einaste endring er litt smalere innsnitt i midja og to hekter i staden for berre eitt! Dette mønsteret har svært godt snitt og enkle detaljer som utenpåsydde innsnitt i livet og brystsnitt fra skuldersømmen og nedover; tilsammen ei ganske feminin jakke! Så får ein håpe at den passer tl mottaker!

søndag 15. desember 2013
Kaffiposer gjenbruk
Utrulig kva ein har tid til, berre for å
sleppe å begynne på julevasken!!! Handlenett,skulderveske og
toilettvesker av kaffiposer. Tusen takk til kjøkkenpersonalet på Ørskog
sjukeheim som har samla poser til meg.
![]() |
Og her blei bildet på sida utan at eg får gjort noko med det! |
torsdag 5. desember 2013
Bukse
Hadde så lyst på ei svart mønstra finbukse, men med min kroppsfasong er det ikkje alltid så lett å finne noko som passer, da må eg sy! Fant stoff i skapet, trur det er fra S&S, lint tynnt med det får holde! Eget mønster.
Baklommer |
Jeanslommer; dei er der men viser ikkje så godt på bildet! |
Lilla
Lilla til advent og jul!
Til ei lita jente som elsker lilla sydde eg desse tre kjolane. Tre kjoler så ho skulle ha noko å velge i og fordi eg liker lilla svært godt sjølv! Mormora måtte ha to av kjolane så no er den tredje til salgs; dvs den i midten med blomstra lommermønstr
Alle tre er sydd i lilla velour fra Textart og mønstra jersey fra Gekko og ein butikk i Helsingborg. Pynt og ribb fra S&S

torsdag 14. november 2013
søndag 3. november 2013
Oversized kåpe
Med utgangspunkt i Ottobre 5/13 mod 19 har eg sydde denne kåpa. Sidan mottaker ønska seg ei såkalla "oversized" kåpe teikna eg av mønsteret i ca to størrelser større enn eg ville brukt til ei vanlig kåpe. Eg har gjort nokre endringer på mønsteret; sydde paspolerte/innfelte i staden for utapåsatte lommer og fjerna innsvingen i saumen midt bak. Kåpa er sydd i ullstoff ytst og polyesterfòr fra Rainbow tekstil. Knappane kjøpte eg på Skaar Tekstil. Så er det berre å håpe at kåpa svarer til forventningane til mottaker!
Vil ho ikkje ha kåpa så tar eg den sjølv! |
Sløyfa saumen midt bak |
Ganske formlaus! |
Bevegelsesfold i fòret i ryggsaumen |
Innerlomme; til mobilen kanskje? |
Stikninger langs krage og jakkeslag |
Lomme med innfelt lommeklaff. |
Det blei ganske bra til slutt! |
tirsdag 29. oktober 2013
Babysett str 68
Enda meir fra boka til Jubel & HeiltSpesiel!
Jakka er etter mønsteret "Jakke m/skyer", med litt forandringer; uten ekstra lengde og med kantband nede. Eg sløyfa også fòr i hetta.
Buksa er " Tøffing buksa" men utan lommer.
Settet er i str 68 og i velour og ribb fra S&S. Kjekt å sy småkle!

onsdag 23. oktober 2013
Skjørt x 2
Har endelig eit skjørtemønster som eg er fornøyd med! Har sydd sommerskjørt av dette mønsteret før, så no når hausten er godt i gang og vinteren dukkar vel snart opp, treng eg tjukkare skjørt! Begge skjørta er sydd etter NewLook nr 6193, einaste endringa er at eg har flytta glidelåsen fra sidesaumen til midt bak
Det andre vinterskjørtet er sydd i ull fra Rainbow tekstil og er heilfora på enklaste måte! Forstoffet er også kjøpt på Rainbow tekstil og er noko heilsyntetisk, billeg og lettsmelta!
Det første er sydd av mønstra dongry som eg kjøpte av ei "sykrokvenninne". Eg gløymde at mønsteret er med saumrom så det blei litt stort i liv/linning, men godt brukandes uannsett! |
Lomme på ei side; med skinnpynt plukka av ein gammal støvlet! |
Det andre vinterskjørtet er sydd i ull fra Rainbow tekstil og er heilfora på enklaste måte! Forstoffet er også kjøpt på Rainbow tekstil og er noko heilsyntetisk, billeg og lettsmelta!
Heilfora |
Glidelåsen er sydd inn på vanleg måte og er godt synleg! |
mandag 7. oktober 2013
Skjørt
Ei av mine små kunder ønska at sydama skulle sy skjørt som ho kan ha over ulltrøya og ullstilongsen, og her er resultatet. Skjørtet er sydd i mjuk fløyel fra Kreativ(?) og linning i jersey fra S&S. Lommene er kanta med heimelaga skråband og utapåsydd.
Kjole
Enda ein kjole fra HeiltSpesiell&Jubel-boka!
Samme mønster som den forrige, men str 92 og skal kle ei lita frøken! Frottè fra Kreativ og blomstra jersey fra Gekko.
Samme mønster som den forrige, men str 92 og skal kle ei lita frøken! Frottè fra Kreativ og blomstra jersey fra Gekko.
fredag 4. oktober 2013
Lilla Skjørt og genser
Meir fra HeiltSpesiell&Jubel-boka!
Denne gangen "Rødhetteskjørt og genser". Settet er sydd i sommerfrottè fra Kreativ, mønstra jersey trur eg er fra ein butikk i Helsingborg og ribb til kantbanda er fra S&S.
Har endra litt på lommeyttersvingen og på genseren sløyfa eg sideåpning i halsutringinga; ellers er alt etter boka!

mandag 30. september 2013
Kjole med knappestolpe og lommer
Denne boka er berre eit "must" dersom du vil sy barnekle i elastiske stoff. Gode mønstre og massevis nyttige av sytips og stoffideer.
Fekk denne boka iposten for nokre dager sidan og blei øyeblikkelig inspirert til å prøve eit av mønstrene. Først ut er "Kjole med knappestolpe og lommer". Eg hadde jerseykvalitetane fra Gekko og Textart som er mykje brukt i boka liggande, og dermed blei det ein kjole i lilla, grått og kvitt. Det er lenge sidan eg har brukt covermaskina med kantbandapparat så eg plundra litt i starten, men etterkvart gjekk det bedre og til slutt ganske bra!
lørdag 21. september 2013
Brudekjole vs Dåpskjole
Eit spennende prosjekt er akkurat fullført!
Fekk i sommar spørsmål om eg ville sy om ein brudekjole til dåpskjole og det ville eg gjerne. Brudekjolen dukka opp av ei eske på loftet når oppdragsgiver rydda loftet etter sin mors død. Kjolen er av ukjendt opprinnelse, og såg ganske medtatt ut etter å ha lagt i ei pappeske i snart 60 år. Eg var svært usikker på om stoffet ville tåle å bli arbeid med, men etter at eg hadde strøke opp kjolen, såg eg at stoffet er ganske sterkt sjølv om det var noen revner her og der. Innerstoffet er av eit silke- eller chiffongliknande matriale. Eg har lurt på om det kan vere fallskjermsilke som svært mange brudekjoler fra etterkrigstida var laga av. Ytterstoffet er eit blondestoff med strekk i, sannsynligvis av ei slags nylonblanding.
Så til jobben eller utfordringa; korleis gjer eg dette? Kikka lenge på kjolen og bestemte meg etterkvart for å beholde grunninntrykket i dåpskjolen; dvs beholde det store rysjestykket i front.

Rysjefronten er sydd av smale kapper av samme stoff som innerstoffet i kjolen! |
Nydelig effekt; gjennomsiktig blondestoff ytterst! |
Og sånn blei dåpskjolen; rysjestykket dominerer fortsatt. |
Knapper i ryggen; har beholdt de handsydde knapphullshempene. Knappane var opprinnelig trekt med blondestoff, men hadde rakna opp, så eg har plukka av ytterstoffet og beholdt silkestoffet. |
Rundt halsen har eg brukt ei av rysjene som halskrage/pynt. Knappepynt på bringa! |
Til dåpskjole må ein ha matchende lue; blondestoff ytst, siste rest av innerstoffet blei for i lua, kjolerysje rundt hovud festa med skråband laga av innerstoffet. |
Kjolerysj har her blitt kappe rundt heile nederkanten på omslagskjolen. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)