Sider

tirsdag 18. februar 2014

Ullantrekk!

Skjørt og genser i ullblanding; eit skikkelig vinterantrekk!
Skjørtet er sydd i eit deilig tynt ullstoff fra Sydilla; samme mønster som eg har brukt mange ganger før, men denne gangen har eg klipt skjørt og linning i eit stykke. 
Rutemønster er ei utfordring å få til  stemme, men det gjekk heldigvis bra både midt bak og i sidene. Skjørtet er fora på enklaste måte; dvs eit heilt likt skjørt av forstoff som er festa i livsaumen. 
Genseren er Ottobre basic, stoffet er jersey i ei tvilsom ullblanding kjøpt i Gdansk! Varierer genseren denne gangen med ein liten V-hals.

Fora på enklaste måte!

Usynlig glidelås midt bak

Rutene stemmer i sida.....

Heilt plain..

Varierer med V-hals

søndag 26. januar 2014

Ulltopper

For ei tid sidan kjøpte eg ein del ull fra Janusutsalget; Ullpårull. denne helga har eg sydd to topper til meg sjølv!
Begge stoffa er 100% merinoull og kjennes mjukt og godt ut; så gjenstår det å sjå om det klør i bruk!
Den lilla og orange stripa toppen er etter Ottobre sitt basismønster, eit godt mønster eg har brukt fleire ganger.
Den lilla toppen er sydd etter eit mønster eg lasta ned fra nettet; Dear and doe. Gratismønster som eg skreiv ut og limte sammen. Litt styr, men kjekt å prøve! Mønsteret er ganske bra; bortsett fra inkludert saumrom, det liker eg ikkje! Neste eksemplar vil eg lage sidere!