Handsøm er ikkje mi sterke side, men dette blei bra likevel!
Lomma er ferdig, mangler berre låsen. Lomma er fora med baskerlin.
Så fortsetter eg på livet. Fôret er klipt 1,5cm meir enn hovedstoffet i side og skuldersaum, ein får da fôr rundt saumrommet her.
I hals og ermeåpning er derimot fôret klipt 1mm mindre, da får ein ein slags paspolering; dvs litt raudt stoff på vranga og at foret ikkje viser på retta.
Forkle nesten ferdig. Med legg i livet og nede. Legga nede er sydd med lange sting og kan lett takast opp og dermed forlenge forkledet etterkvart som jenta veks!
Endelig ferdig!
|
|
Dette blir jo bra :) Lykke til videre. Skal bli morsomt å følge med.
SvarSlett