Sider

fredag 18. september 2015

Restetrøye

Har kikka på desse stoffrestane lenge og lurt på kva eg skulle bruke dei til, det er jo rosa bambus og det kan sjølvsagt ikkje berre bli liggande! Begge stoffa er fra Myllamuksut i Finland.
Har skjøyta saman fleire små stykker og dermed fekk eg nok til denne trøya. 
Mønsteret er fra siste Ottobre; 5/2015 modell 8:jerseytrøye med sadelarm. Eg liker modellen godt, kjekt med variasjon i snittet. Den var stor i str, så eg har sydd inn i sidesaumen og korta inn på ermelengda.

Saumer er pynta med tretråds coversaum

Lappesaum!


1 kommentar: