Sider

fredag 17. februar 2012

Onion 2041

Eg stiller sjølv som modell, kjolen er litt stor, men kan visast likevel!





I dag har eg nytta fridagen til å prøve ut eit nytt mønster; Onion 2041- Empirekjole i stretchstoff. Modellen har deling under brystet og vide poseermer med smale mansjetter.
Som vanleg har eg gjort litt forandringer på mønsteret før eg klipper!




  1. Der er eit rynkefelt midt foran på skjørtedelen, denne har eg redusert med ca 4cm, dvs eg klipte av 2 cm på langs av mønsteret og rynka resten inn til dei oppgitte cm. Dermed unngår eg at kjolen blir "stormaga", noko som er lite kledelig for dei fleste! 
  2. Forlenga bryststykka foran/bak med 3cm, dette for at delinga skulle komme under brysta og ikkje halveis oppå. Denne forandringa er sjølvsagt berre nødvendig på damer med brysthøgde over ca 40cm.
  3. Til slutt forlenga eg kjolesidda; dama som skal ha denne kjolen vil ha den til midt på kneet. IKKJE midt på låret.
  4. Lengre mansjettar, kanskje vel lange........ 
  5. Sidan modellen er i stretchstoff går eg ned på str når måla til dama er midt mellom M og L, berekner ikkje bevegelsesvidde!
Eg har satt saman kjolen av tre ulike stoff; Svart velour fra Textart; mønstra jersey og blondestretch fra Stofstedet.dk  og ribb og knapper fra Stoff&Stil. Kor god stoffmixen er kan sikkert diskuterast, er litt i tvil sjølv!! Smak og behag!!

Det blir nok rynker midt foran likevel!

Gjennomføringa;
Arbeidsbeskrivelsen som fulgte mønsteret hadde eit litt merkelig rekkefølge, så det blei ikkje fulgt. Begynte med knappestolpen, så avdelingsstykket på både fram-og bakstykke. Deretter sydde eg i armane og stika saumrommet. Så erme og sidesaum i ein saum.
Mansjetter og halsribb, før eg la opp nede og stika rundt halsåpning med tvillingnål 3mm. 
I mønstra er der eit band festa i sidesaumen der som det smale stykket er; eg hadde det til å begynne med, men fant ut at det var finare uten, så dermed klipte eg det vekk!



Plassering av broderi og applikasjoner.

Detaljbilde av pynt, broderiet har eg lasta ned fra EmbroideryDK


3 kommentarer:

  1. Kjempflott kjole! Og så gøy du har blitt venn med nye broderimaskinen!! Artig, ikke sant!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja broderimaskina er min nye venn. Er virkelig fasinert av prosessen med å laste ned fra nettet og putte det inni ei symaskin og så få det ut på min kjole!

      Slett